Han vaks upp på den vakre ættgarden Strand ved Strandefjorden i Ål. Foreldri var Sigrid og Asle Strand. Dei var 7 syskin -derav Ola og Tolleiv som båe vart sers gode spelemenn av dei beste i Hallingdal i si tid. Men Haugianerrørsla hadde gått over Ål og foreldri var redd for at smågutane skulde verta spelemenn -dansespelemenn. Dei var ikkje trongsynte og var glad i musikk, men det var slik i dei dagar at spelemannen var freista med brennevin. Den fyrste Ola og Tollelv lærde av var Asle-Knut (1794-1881) uppigarde på Strand som var beste spelemannen i øvre Hallingdal i si tid. Dei var nære skyldfolk.
So var det «Skøren » (kjem av Skard). Han for i kring og batt nett og var ein gong på Strand i vikevis og batt not og fela hadde han med kor han for.
Men dei fekk ikkje spela inne og so bar det til fjøset, der sat Skøren i ein bås og Ola stod framanfor. Då Skøren hadde lete ein lått att so sa han: «Slik let han Asle-Knut!» Ola var i 10-årsalderen då. Gudbrand-Østen frå Nes var mykje på Strand. Han var og nettbindar og satt som vanleg uppå «Hemsen», men når han kom i det laget so kasta han nettnåla og greip fela (dei fekk lite inn då). Han hadde god takt og trådde hardt so det skalv i taket. Ola lærde Nestninglåttar av han m.a. «Ha du kje hoppa».
Men det var for trongt i fjellbygda, og Ola hadde aug til mekanikk, og gjekk 3 år i lære på Kampens Mekaniske Verkstad. I 1889 fekk han off. stipend til Verdanstillinga i Paris for å vurdera vidare sitt yrke mekanikk.
Han var ein allsidig kar. I Oslo kom han saman med mange av dei beste spelemenner frå ymse kantar.
I 20 årsalderen strauk han over til Amerika etter Torleiv. Då han skulde gå umbord i båten i Oslo, so kravde dei toll av hardingfela, men Olameinte ikkje det var noko å bry seg med. Men tollaren hadde hug til å høyra hardingfela og Ola let då «Ha du kje hoppa». Det vart ikkje nemnt meir um tolla. I New York var han og Torleiv på eit mekanisk verkstad i 3 år. :Men det var dårlege tider der so dei tok turen heimatt og bygde «moderne» verkstad etter den tida, på Vangen i Ål, og tok kraft frå elva Kvinna 1882. Dei hadde med maskiner frå Amerika. Men Torleiv reiste over att og Ola dreiv seinare verkstaden åleine, som no er overteken av sonen Torleiv. Hamaren dei kom med var den einaste av det slaget her i landet då og turbinen konstruerte dei sjølve.
Ola let ikkje mykje i samvere eller til dans – han hadde hardingfela som «hobbi» og for musikken, men eit og anna samvere let han då i med han var ung. Soleis fortel ein gamal mann at «han Ola let i eit samvere med eg var rettig ung, men han fekk slikt liv i heile laget at me voro like uppunde åso. (Etter Asle Skalle.)
Eller i dei store brudlaupa på Noss som vara gjerne 4-5 dagar (meir um det seinare) og Tor Grimsgard gjerne var spelemann so tok Ola gjerne fela med. Tor kvilde soleis at dei byttest på. I brudlaupet til Eirik Noss og Sigrid Strand fekk Tor 400 kr. 1 spelepengar – det var friviljugt og kvar la i fela det dei syntest.
I fine sumardagar og bygda spegla seg i vatnet tok han gjeme ein tur på Strandefjorden og hadde fela med.Gardane ligg i rad og rekkja langs med fjorden, og han held konsert for heile bygda.
I kring århundreskifte eller kanskje noko før tok han og Ola Øyno turen på utstillinga i Bergen. Bergensbanen var ikkje komen då so dei brukte sykkel – reiste upp Hemsedal, over Filefjell til Lærdal.
I frå Bergen til Voss og vitja Helgeland og Mosafinn. Det var då Mosafinn uttala at «Asle-Knut var ein av dei aller beste spelemenner han hadde råka på. Til Asle-Knut hadde han sagt: «denne låtten let eg betre, men denna låtten let du betre.
Vidare for dei over Hardanger til Telemark og vitja dei fremste spelemenner der.
Han hadde eit individuelt spel og det kan vera nok å nemna at del fremste spelemenn har vitja han. Soleis Arne Bjørndal fleire gonger på sine samlarferder. Truls Ørpen mange låttar og skrive upp. Torkjell Haugerud, Olav Moe, Haldor Meland, Kristine Lund og Gjermund Haugen m. fl. Alle fekk låttar hjå han.
Ein av våre fremste spelemenn no, og som vitja han ofte seier at han var Hallingdals beste spelemann.
Men det gjekk med han som med mange andre, arven som hadde vore bygd på og vyrdsla gjennom hundre av år vart ikkje teke vare på so han tok nok mykje med seg.
Men dei som har redda ein del skal nemnast: Lars Tollefsen, Sevat Sataøen, Bjørndal og Ørpen, og takk frå Hallingdal skal dei ha for det.
Ved å granska Strandætta so kjem ein fram til det at denne ætta har vore den berande innan folke musikken i øvre Hallingdal so langt attende ein kan koma – 150 år. Det har vore ei dyr eiga som dei og har vore merksam på t.d. då Torleiv reiste til Amerika og skyssen stod ferdig (det var 8 mil til Gulsvik) so steig han or kjerra att og nemnde ein lått til Ola at den måtte han ikkje gløyma. Dette syner kva verd dei sette på arven.
E.S.
Her i Hallingdal brukte dei før og i seinare tid med og sela lått i staden for slått som no brukast. Dei sa han var god til å låta – det var ein god lått. Slått kjem av at dei slo på harpa som er eldre instrument enn Hardingfela. Lat oss ta att den gamle forma. Ein må seia at «Spelemannsbladet har dei siste nr. vore noko halllngprega, men bladstyraren upp lyser at det manglar stoff frå andre kant.ar. Han har skrive ein heil masse brev og bede um stoff, m.en få har svara.
Lagsfolk stytt bladet og L.f.s. og send stoff. Hugs at bladet er bindeledd for heile samskipnaden.
Og bladtingarar – gjer ein innsats i det nye året og få med ein ny Ungar kvar so vert tingartalet dubla. Hermed ynskjer ein elt fredsamt år! H. N.
Denne artikkelen sto på trykk i Spelemannsbladet nr 1 1953. Transkripsjon og opphavsrett til denne: Olav Sataslåtten d.y. Gjengitt på Hallingminne med tillatelse av Grethe Nestegard.