«Nokre rødur med Knut Dale» av Olav Kasin Trykt i Dølaminne 1924 Vol. 6 Nr. 2

«Dei fleste numedøler hev vel høyrt gjete den gamle meisterspelemannen Knut Dale i Tinn, Telemarki. Daa eg fleire gonger hadde høve til aa tala ved han og aa høyra spelet hans, so tenkte eg at einkvan som hev samhug for gamalt felespel, og det som høyrer med til det nasjonale samlingsarbeid kunde ha hug til aa høyra litt um denne gamle meisteren og kva han sa um felespelet her i Numedal som det var i gamle dagar.

Han var umlag 80 aar gamal fyrste gongen eg høyrde spelet hans. Men han spela endaa sers godt; det kan vel henda at spelet hans ikkje var so reint som i yngre dagar, men likevel var det av dei stunder ein seint gløymer naar ein fekk høira fela hans. Og so var han ein sers kvikleg og snaal gamal kar. 0g han tala eit bygdemaal so reint og egte at det var ein fest aa tala ved han og. Han var av den grunn so jamt plaga av maalgranskarar. Han fortalde sjølv um det, og det var serleg ein han nemde som hadde vore der og som hadde kome att i fleire dagar etter einannan, og han hadde til slutt daa vorte so trøytt og leid, han syntes at maalet hans vart burte i munnen ved det aa segja same ordet upp att gong etter gong. Han var ei god kjelda for maal- og sogugranskarar, gamle Knut.

Den seinste gongen eg saag og høyrde han var det han fortalde um desse gamle Numedals-spelemenn. Det var ein kveld for umlag 8 aar sidan. Me var ein tur burte i Attraa, og daa Jordet, garden gamle Knut budde paa sine seinste dagar, var næraste grannegard, so vilde eg nytta høvet til aa vitja han. Daa trefte eg honom i vedsjolet. Men han la fraa seg øksi med ein gong og fylgde meg inn i romet sitt. Etter aa ha site eit lite bil, fann han fram fela si, og den fyrste slaat han daa spela var «Veneflamma fraa Flesberg». Og so spela han fleire slike slattar som han sa var komne fraa Numedal, men som ikkje hev vore i bruk her i dalen i den seinare tid. Men han visste at Løytnantdrengjerne hadde spela deim. Telemarkens brureslaatt, som han hev vorte kalla i den seinare tid, spela ogso Løytnantdrengjerne, sa Knut. Han visste um at ein av Løytnantdrengjerne hadde spela denne brureslaatten i eit brudlaup paa Jørisdal i Hovin. So denne slaatten hev nok ogso vorte spela her i Numedal.

Knut kjende Eivind Spelemann sers godt. Eivind hadde fleire gonger vore hjaa honom, og vore der heile 8 dagar um gongen. Han hadde eingong jamvel havt baade kjeringi og ungane med seg, og det var visst seinste gongen han hadde vore der. Hon spela godt Eivind, sa Knut. Men han trudde det var smaatt med livemaaten for han og huslyden hans. Knut fortalde at kjeringi til Eivind var fraa ein plass i Hovin heitte Reinslo. Etter som Knut sa, so var det ikkje stor skilnaden paa spelet her i Numedal og paa Tinn i dei dagar daa Knut var ung. Av slaattar elles som han tala um og spela var Helje Tresk. Denne slaatten var og Numedals-slaatt, men hev kome burt fraa dalen. Ret hev nok vorte spela ein med same namnet her i Numedal i den seinare til og, men det er ein heilt annan slaatt som ikkje hev med denne gamle aa gjera. Og so Sevlidslaatten, den gamle. Det er og ein som hev kome burt fraa Numedal. Den slaatten som hev vorte spela her og i Telemarki og andre stader i den seinare tid og er ein  annan slaatt enn den gamle og Knut trudde denne er laga av Fykeruden, og er heilt ulik den gamle Sevliden. Knut hadde ogso fleire slike slaattar. Mest alle slaattane til Knut hadde si soga som han fortalde fyrr han spela deim.

Ja, no hev alt Knut Dale og lege i gravi i nokre aar. Men spelet hans liver. Sønesøinerne hans heve lært deim; og desse gamle Numedalis-slaattane han spela held paa aa koma heim til dalen att. Steinar Gladheim, og seinare Steingrim Hauk em lærde mange av deim av gamle Knut sjølv med han livde. Ein kan soleis- vona at det gamle spelet kjem til vyrdnad att i dalen vaar.
Olav Kasin».

Transkripsjon ved Olav Sataslåtten. Bildet er hentet fra Bjørndalsamlingen, og må være tatt en gang mellom 1896-1900.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s