Jon Tjos av Rikard Berge, frå Syn & segn 1902 Vol. 8

Alle veit um Myllarguten, og at hans felespel var makelaust Men færre veit vel kven Myllar’ns fyrste og beste læremeister var. Namne hans hev dult seg so lengi, at no er de paa tidar aa skrive ogso paa dette blanke blade i den norske spel-sogo. Mannen heitte Jon Tjos. Han var fraa Aamotsdal i Telemork. D’er skikk og bruk, naar ein skriv livssogo aat store mennar, aa skikke med ættetavla hans, og de same gjer eg her. Lesarane lyt svelgje denne genealogiske braudmölen, koss de gjeng.

genealogi jon tjos
Denne vesle tavla her syner berre hovudgreinine av ætti. Ein vil av dette sjaa at dei var 12 systkin, de Kvamsingane. Av 9 brørar og 4 systrar var Jon den yngste.

De var fyrgje karar alle dei brørane mest. Soleis var Bjønn Sandviki ein gnyvil so sterk. Han tente paa Gøytil (truleg skipl av bokstavane skal vera Geithøl) i Eidsborg, og drogst mykje med timber i elvi der Men der «ende-vende’n stokkæn, hoss di va laga,» sa Talleiv. Johans Juvstaul var og ein rivar i storleik og styrke. Han vart no galin paa sitt seinste, Johans, so dei laut stengje han inne i ein gamall stall. Der huva og bar han seg, so dei høyrde han radt til Juvland, og der er daa eit noko lite ris yvi, gode halvfjordungen. Jon der imot var berre ein litin veikleg spirve, so han liktest ikkje paa brørane.

Han, som dei andre, var fødd og voks upp paa Kvammen. Fram etter ungdomen stuka han og brørane mykje med rjupe-veiding um vintrane. Eg tek med ei liti rispe fraa den tid, til aa syne kor beitt og moda han var; han var av deim som seint gav seg med ein ting, Der var ein rev som var so ymis til aa taka rjupune or snarune. Brørane vaaga med Jon, at kunde han skjote den skade-reven, skulde han faa 3 tylvtir rjupur. Ingin kunde faa i han, men Jon vaaga likevel imot. Ein dag- de høvde til aa vera fin nysnø gjekk han etter hrn, og kunde snart fylgje friske fet etter beiste. De barst ned i ei stor urd, og der heldt Mikkel seg inne til myrkre kom. Men Jon drygde honom og la seg i veg med flinta si, Paa slutten kom daa reven fram, og fekk de so han laag daud i same renne. De kann vera smaating kanskje; men me ser taatten. I uppvokstren heldt han seg jamnaste heime. Men alt i 16 —2O aars-alderen tok han paa med fela, og folk gaadde snart aat, at de var sers spel-lag hjaa den guten. I aaremali 1770 —1810 var han frægaste spelemannen i alle store lag i Telemork. Fyrst med Knut Luraas, Haavard Gibøen og Myllarguten var de rødande um ei tevling med gamle Kvamsingen.

Jon vart ikkje, som so mange andre spelemennar, øydelagd av drykken; han baud av i tidar for de sterke, av di han var viljesterk og stø. For de var ovmaata korleis dei laga til med drykkjevare til brudlaup i gamle dagar.

Jon spela t, d. brudlaupe hans Høye Øverland i Seljord, og der var bryggja 12 tunnur malt, og attaat ein flaum av brennevin. Like eins i gjestebode hans Aslak Berge paa Straandi var Jon, og der vart bryggja 5 tunnur og var 120 pottur brennevin. Der vart bodi i 4 bygdelag, og vart dansa baade ute og inne i baae stogune. De var i 1805, Av alt dette drikkande skulde alltid spelemannen hava reideleg brorparten, anten han vilde eller ikkje og de skulde stø skalle til aa tola alt. Difor gjekk de og so ymist med Myllar’n; for han var vel veik til aa bjo imot. Jon spela ein gong eit gjestebod i Flatbygdi i Flatdal, Telemork. Han var bedin til spelemann der, men kom heller noko seint, og folki lést ikkje gaa honom, daa han kom. Han sette seg tegjande ned paa loftströppi, skar av alle strengine paa fela si og sette paa att nye. Tok so til aa spela; men daa kom der maal i fela! Han böga so dei høyrde de radt til Sundbø, endaa der gjeng ei susande strid elv innmed, som tok burt mykje av ljode. Daa fortélst de at brudlaupsfolki sume tok til aa graate, andre til aa læ og danse. Slik hadde Jon aldri spela, og daa spela han i rivsinne og trege. Men han fekk liksom vera med i lage daa.

Jon tente godt med spele-reisune sine; dei gav bra i fela, og etter kvar reise hadde han mange sylvdalarar i lumma. I Vraadal ein gong fekk han soleis store pengegaavur, og eit fint drivi sylvstaup, som endaa finst paa garden Tjos i Aamotsdal. Kring 1800 vart han gift, og 1803 kaupte han Tjos. Der livde han som ein hause mann og stod seg godt til sin døyande dag. Attaat gardsbruke dreiv Jon med puslearbeid; i støyping og gravster i metal var han toleleg god. De han tok paa med, gjekk alltid lett og greidt og d’er sagt um honom, at han aldri gjekk fraa eit arbeid uferdigt. 1826 døydde han, um lag 80 aar gamall.

Um spele hans er aa segja, at han var umaateleg lett og god i takten, so her hev vel ikkje funnist nokon annan enn Knut Luraas som var so lett og jamn med boge og fingrar. I rein teknikk for aa bruke ei fin vending hadde kvar av desse store spelarar sitt serkjende. Myllar’n hadde fingerskjelven, og Haavard Gibøen og Leiv Sandsdalen bögetøymingi umfram andre. Men Jon Tjos, og framum alle Luraasen, var so jamne med baae; difor fanst her ikkje nokon som var so leikande lette aa trø dansen etter som desse tvo.

Jon spela helst gangarar; den lette jagande springartakten var endaa kkje so mykje i bruk. Difor ser me og at dei eldste slaattane er gangarar, t. d. Tinnemannen (fraa um lag 1700) og Maltsteinen (kring 1770). Slaattane hans Jon er alltid kalla «Tjosslaattane». Serleg er «Kvamshallingen» mykje avhaldin og brukt. Liksom med Myllar’n og Siklebekken, so med Jon Tjos og Kvams-hallingen han drøymde seg til slaatten.

Um sumrane er de i bruk mange stad i fjellbygdine, at folk ligg i uthusi, daa der er svalare enn inne. Soleis var de med Jon ein sumar han laag ute paa laaven. Med han laag der i halvsvevn, totte han tydeleg der kom ein framand spelemann inn til han paa laaven og spela ein ny, ukjend slaatt. Um morgonen kom so den slaatten fyri han alt og han spela’n. Den heiter enno «Draumen aat Jon Kvammen» eller «Kvams-hallingen».

Jon er læremeisteren for Myllarguten, som eg fyrr hev nemnt. Daa Targjei Augundsson var litin, gjætte han tvo aar i Aamotsdal, eit aar paa Tjos hjaa Jon, og eit aar paa Kvanbekk, som ligg ei 2 km. fraa Tjos, tett austanfor Kvanbekkheidi. Og mest til kvar kveld desse tvo sumrane (de maatte vera 1810-11) laut Targjei alljamt høyre paa slaattane hans Jon og han kunde deim snart utanaat. Um dagane paa gjætsla gjorde han seg ei fillefele, og dei fyrste slaattar som kom yvi strengine aat’Myllar’n var dei han alltid sidan var so glad i og kalla «Tjosslaattane»,

Haavard Gibøen lærde au av Jon, og kytte jamt av spele hans. De same gjorde Aanund Berge paa Straandi, far aat Aslak (sjaa fyrr i stykke). Aanund kunde aldri spela, men han var sers god til aa tulle (kveda slaattane) og etter Aanund hev me dei mest egte av alle Tjosaslaattar. Serleg er her ein gangar han hev gjevi oss etter Jon, som var meistergangar, og som dei gamle dansarar stødt kruka etter. Der Targjei komponera um, vølte eller ende-vende der lét Aanund deim staa med lag, ikkje av di han saag lenger i de stykke, men nett for di han ikkje var noko flogvit i slaattekunsti. No takkar me han for de; for no maa me ha slaattane so egte som mogleg slike som dei gamle meisterar spela deim.

Rich. G. Berge

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s