«Hjaa felespelar og sogemann Knut Heddi» av G. Moseidjord

«Paa mi ferd gjenom Sætesdalen i sumar var eg ogso innum den kjende felespelaren og soge-mannen Knut Heddi paa Rysstad, Han bur i ei stova litt ovanfor Hylestad kyrkja, tett ved vegen. Daa eg kom inn døri sit Knut i fullt arbeid med nokre fotografiske saker. Han er nemleg ein flink amatørfotograf, og stova er full av alle slag rare ting. Det er plent som aa koma inn paa eit eldgamait museum. Der er mest alt millom himmel og jord. Knut reis seg snøgt upp, og daa han fær grei da paa kven eg er, triv han fela fraa veggen og kjem setjande mot døri. — Me lyt ut i hagen i soli, segjer han. Der er so greidt aa sitja. Me slær oss ned utanfor stoveveggen (der han sit paa bilætet) og eg fær Knut til aa fortelja litt um seg sjølv. Han er fødd 23. mai 1857. Fyrst gjekk han amtskule for Jørgen Løvland i 1879 og seinare tok han eksamen paa Søgne lærarskule.

Han var so lærar i Brokke i Hylestad i 7—8 aar, og seinare hev han drive med noko av kvart, men mest med veiding og fiske; og so sogegransking. Heile det nye testamentet hev han set um paa Hylestaddialekt, og Knut syner meg ei skinnbok som er mykje tjukkare enn ein bibel. Denne boki som er handskrivi fraa perm til perm hev han bun de inne sjølv og umsetjingsarbeidet hev han drive med i eit sneis aar mest. Han syner meg ogso ei mengd andre skinnbøker, tjukke som leksikon, og alt hev han skrive med handi. Det er som heile standardverk. Heile gards- og ættesoga i Hylestad hev Knut nedskrivi og kan ho paa fingrane. No hev han nett arbeidt ut ein statistik eller slegtsregister for Hylestad for aaret 1925. Han hev ialt innregistrera 716 personar, fødestad, datum og aarstal og soga um kvar einskild person so langt som det let seg gjera. Denne statistikken er svært greid og oversiktleg, og Knut er viljug til aa staa til tenest med raad og vink, dersom det er nokon som vil sjaa korleis ein skal gaa fram paa lettaste maaten med ættesoge og gardssogegransking. Han hev stor røynsla i den vegen, og er kanskje ein av dei største sogesamlarane i landet. Men Knut er svært redd for det han hev samla og gøymer det godt. Det skal eingong koma etterkomarane og bygdesogeskrivarane tilgode, meiner han. Han hev gjort eit nybrotsarbeid for Sætesdal, og daa serleg Hylestad som ein ikkje kan vurdera høgt nok. Sogemenn som Johannes Skar og Rikard Berge hev mykje Knut Heddi aa takka for, sine sogor og segner og forteljingar fraa Sætesdal i gamle dagar. Knut hev det alt saman i svære handskrivne bøker.

Um sumrane ligg Knut for det meste paa heidi og fiskar og skriv, og hausten og vinteren driv han rjupefangst. Knut var den fyrste i Sætesdal, som fann paa aa setja rjupesnaror paa taa mark millom huskone og fanga paa denne maaten ei mengd med rjupor. Sume dagar kunde han faa upptil 100 rjupor, og um hausten tok han ofte 1000 rjupor heime fraa heidi. Men det var i dei dagar det var nok av fugl. Fin feit fjellaure hev Knut fiska mykje av. Han kan ein fiskemaate som ingen andre kan, og um sumrane hev han fenge upptil 70 bismerpund fjellaure i vatni paa heidi. Men det er ikkje so mykje aure i vatni som før i tidi, segjer Knut.

Han tek no til aa fortelja um felespelet. Alt som liten gut arbeidde han sjølv fele og spela, men fyrst daa han kom paa lærarskulen tok han til aa spela for aalvor, og sidan hev han spela mykje i brudlaup, festar og til leik, og der Knut var, stod al tid stemningi høgt i taket. Brureslaatten hev Knut spela i meir enn eit brudlaup, og daa var det som heile brudlaupsgarden stod i lyftirigi. — Du lyt taka ein paa fela, segjer eg. Eg vil no helst sleppa, segjer Knut, men tek fela og stiller strengjene med øvd og rask hand. Der er stor skilnad paa felor segjer Knut, medan han stiller. Til gode spelemenn lagar felearbeidarane altid felor med sterkare ljod. Daa eg skulde ha denne fela, spurde han som laga fela, kven som skulde ha ho, og daa han høyrde det var Knut Heddi laga han ho so sterk og høglaati som mogeleg for at ho skulde halda.

Knut legg no fela tilrettes og stryk. Augo blundar, hovudet vert reist godt attyver, det lange graå haaret flaksar kring hovudet og armar og føter fylgjer med i takten i spelet, so heile mannen er i rørsle. Tonane strøymer fram under bogen, saare og lengttunge, djupe og vedkjømelege, men so stryk han braatt upp som fossen, stryk kvinten so han sig mot feleloket, og du høyrer lurlok og fuglekvitr og huldresong.-,Det var «Dolkaren», segjer Knut. Den spela eg paa gorlaus bas. So spela han Norafjellsslaatten, full av kjærleik og vemod. Den handlar um ei ulukkeleg kjærleikssoga millom Sigrid og Torjus Halvorsen Aamlid. Du sit som trylt medan Knu «spelar og sjølv er han heilt borte i spelet, som i ei anna verd. Og Knut stryk upp «Rei aren» og mange andre lydarstykke og slaattar, mest alle etter dei kjende Faremoane, som var dei beste spelemennene som hev livt i Sætesdal. Og medan ettermiddagssoli ligg som gull gjenom trei i hagen spelar Knut den siste gangaren for meg, so det skjelv og trillar langt utover Rysstad-bygdi. Det siste eg ser etter den gamle spelemannen er den sylvgraa haarmanka og fela som han ber so trygt under armen, medan han smyg inn stovedøri att, den gamle stova som han elskar over alt i verdi.

G. Moseidjord»

Publisert i Agder tidend 20.08.1925. Transkribert av Olav Sataslåtten. Biletet er henta frå Bjørndalsamlinga, men er det same som vart trykt i avisa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s